søndag 8. mars 2015

Skappelbrød

Dagens brød bakte eg etter inspirasjon frå to kjelder. For det første har Berit Norstrand vore og halde foredrag i næraste by.  Det skal etast mellom anna speltmjøl. Så var det nokon som snakka om dei nydelege Skappelbrøda. Eg googla og fann oppskrifta på Maria Skappel sin blogg.

No er det no ein gong slik at fordi ein er kjendis, så er det ikkje sikkert ein er verken strikkeekspert eller bakar. Maria Skappel seier no og berre at ho har fått oppskrifta ein eller annan stad i frå. Brøda er eltefrie. Eg rørte saman deigen med berre omtrent 5 gram gjær. Deigen ausa eg over i dei tre raude silikonformene mine - utan å smørje dei. Det gjekk heilt fint. Ein annan gong kjem eg til å bruke to former. Brøda vert nydelege. Om helsegevinsten er verd mjøl til 40 kroner kiloen, er eg usikker på!

Om nokon lurer på kvifor eg ikkje laga dei med 50 gram gjær som i oppskrifta, så er det fleire grunnar til det. For det første må linfrø anten skoldast eller leggast i bløyt. For det andre får ein fram nydelege smakar med langheving. Sist, men ikkje minst så er det på grunn av helsegevinste. Kroppen gjer seg meir nytte av næringsstoffa i brødet om ein langhevar.

3 kommentarer:

  1. Må prøve eltefritt eg også snart :-)

    SvarSlett
  2. Eg har planar om å lage brød etter BN si oppskrift.
    Skappelbrødet ser også godt ut ser eg.
    Morgondagen får vise kva det blir til ;)

    SvarSlett
  3. Langheving høver ikkje for meg-det har eg ikkje tolmod til. Dessverre. Når det gjeld brød, bakar eg etter innfallsmetoden, dvs. det eg har tilgjengeleg. Har prøvd speltmjøl men det vart ikke så vellykka.Reknar med at brøda mine er gode og sunne NOK:

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...