lørdag 28. februar 2015

Bok 10: Dødspakten

En norsk soldat i Afghanistan ser noe han aldri burde ha sett. Tom Kristensen er tilbake med ny, intens thriller. Det er vinteren 2009. Jahn Christoffersen - nyutdannet vognfører og grenader i Telemark bataljon - skal sammen med femti andre norske soldater eskortere en lastebilkolonne med nødhjelpsforsyninger gjennom et av de farligste områdene nord i Afghanistan. De blir overrasket av et voldsomt angrep, lasten blir stjålet, og to norske soldater dør. En av dem er Oskar, Jahns beste kamerat. Jahn får en psykisk knekk og blir sendt hjem til Norge. Rykter begynner å spre seg blant soldatene i Camp Meymaneh i Afghanistan, og de når etter hvert Jahn. Hva var det egentlig lastebilene fraktet, hvem angrep kolonnen, og hvorfor ble lasten stjålet? Hva var det de norske soldatene ofret sitt liv for? Jahn drikker seg full på kirkegården, og ved kameratens grav legger han ned tomhylser fra skudd han skjøt på fienden. Der og da bestemmer han seg - han inngår dødspakten.

Denne romanen har eg lese på berre nokre få dagar. Eg vart dregen rett inn i historia om desse soldatane som skal gjere ein jobb for Noreg.  Det viser seg at dei har vorte lurte til å gå andre sine ærend.  Vi kjem inn i eit Afghanistan som er styrt av kriminelle, både afghanarar og amerikanarar.  TV2 er svært interesserte i å få fram sanninga. det er og CNN.

Handlinga verkar sannsynleg.  Om ho er det, veit eg lite om ... Terningkast 5 frå meg.

Bok 9: Den stumme jenta



"Den stumme jenta" er den fjerde boka om psykologen og profileringseksperten Sebastian Bergman, en serie med spennende, stilsikre og intelligente kriminalromaner! Det er påskemorgen. To små gutter og foreldrene deres blir skutt på kloss hold i hjemmet sitt. Etterforskerne skjønner at det må ha vært et vitne til ugjerningen. Guttenes 12 år gamle kusine Nicole var på besøk, og fotsporene hennes forsvinner inn i skogen. Kriminalpsykologen og profileringseksperten Sebastian Bergman kobles inn. Jenta har vært borte i tre dager, og politiet ber publikum om hjelp. Sexavhengige Sebastian Bergman har alltid hatt problemer med å skille jobb og privatliv. Nicole er like gammel som hans datter Sabine ville vært dersom hun ikke hadde omkommet i tsunamien. Og Nicoles mor trenger beskyttelse. 

Denne romanen las eg ut tidleg i veka.  Det er den fjerde i serien.  Eg veit at eg berre har lese dei to første tidlegare.  Dei meiner eg har vore filma.  Den første las eg på spreng for å bli ferdig med den før filmen/TV-serien kom på TV.  Så no ser eg detektiven for meg.

Eg har likt bøkene om Sebastian Bergman.  Denne er eg litt ambivalent overfor. Det er sjølve mordgåta og oppklaringa som ikkje heilt vart "truverdig".  Eg toler godt at ting vert fantastiske.  Eg kan gjerne verte med på eventyr.  Men det må henge saman på eit vis.  Då eg lytta til den nest siste CD-en følte eg meg som eit stort spørjeteikn.  Var dette alt? Samtidig har romanen god underhaldningsverdi.  Ein svar firar frå meg.

torsdag 26. februar 2015

Lanseringsfest for Risp i berget

 I dag har vi vore på lanseringfest forØystein sin siste roman Risp i berget.  Lanseringa var på Josefine. Mange hadde møtt opp for å få med seg opplesing av forfattaren, song av Odd og Gollj og Gråstein. Det var vel ein time med program før signering og kaffipause.  Det verka som publikum treivst!

onsdag 25. februar 2015

Back in business

Då smarttelefonen min takka for seg etter vel to år, var eg glad for at eg fekk overta ein lite brukt telefon etter mora mi.  Kva skal ein med både I-pad og smarttelefon?  Kor mange slike dyre leiketøy treng ein? 

Folk ler av meg når eg seier eg må trykke tre gonger for å få l.  Dette hadde eg i fingrane.  Berre teikna vart eg aldri fortruleg med. Ungdomane sukkar.  Det er ikkje retro fordi det er gammalt! 

No har telefonen gjort jobben i to månader. 

Mannen skal ut og reise.  Ha orda frampå om at han ville kjøpe seg eit lite kamera.  Kva skal du med det? meinte eg.  Det må no vere mykje betre å kjøpe seg ein mobil med eit godt kamera!

No har han gjort det.  Og eg arva den gamle mobilen hans som var omtrent lik min kjære smarttelefon som no er kondemnert.  Det omtrente gjorde at eg måtte kjøpe meg eit nytt Sim-kort - og få ny pin-kode.

Konklusjonnen, eller erfaringa, er at det er ikkje lett å gå ned i standard. 


søndag 22. februar 2015

Gratulerer Audun 25!

 I dag fyller Audun, mellomstemann i flokken, 25 år!  Eg låg på Volda sjukehus.  Audun vart fødd på morgonkvisten, så faren for rett på jobb for å ha pappapermisjon til gode.  Deretter var det feiring av farfaren sin 75-årsdag.  I dag er det då 100 år sidan han vart fødd.  Det kan de lese meir om her.

Han som vart fødd i 1990 har fått mange fleire moglegheiter, ikkje minst til utdanning, enn farfaren fekk. Det å få studere jus var ikkje for alle. Lånekassa var ikkje oppretta.

I dag feirar Audun saman med kompisar på Krigsskolen, vil vi tru!
Verda har endra seg ein del sidan 1990, og det har også vi ...

lørdag 21. februar 2015

Mor mi og eg ...

... er like svake for fine og gode panner!  Denne panna hadde ho kjøpt til meg førre helg.  Då servert eg suppe i henne med det same. Ein set ikkje ei 15 liter stålpanne rett på bordet.  Denne derimot ...

Ein gong er skulle finne høyrygg med bein til å koke suppe på, fekk eg prissjokk. Ein må betale like mykje for kjøt med bein som beinfritt kjøt som høyrygg eller flatbiff. Ein kollega tipsa meg om å bruke fond.  Det finst i slike flasker eller i porsjonspakkar.  Eg smakte til kjøtsuppa mi med fond.  Då hadde eg allereie kraft kokt på biffkjøt og løk.  I dag kokte eg ein enklare variant med pølsebitar i og fekk nytta resten av flaska. Smaken kan ikkje samanliknast med buljong.  Det vert mykje betre.

Til dessert høvde det med vaflar.  Både suppe og vaflar er smarte rettar for å få rydda i kjøleskåpet.

fredag 20. februar 2015

Ferieinnspurt

I dag er vinterferien slutt. No har vi berre helga att.  Det har vore koseleg å feriere heime.  Eit par bunkar er ferdigretta. Vi har fått ordna litt i huset. Her er vaska. Så det ligg an til ei triveleg helg!

I dag fekk eg føre meg at eg ville ha meg nokre nye kle til skulebruk  Eg hadde lyst på ei dongeribukse, eit plagg som høver godt for meg som må vaske kleda mine ein del, spesielt etter bruk på skulekjøkenet.  Det vart dermed ein tur til Ørsta, der Femina hadde vist fram kle på Facebook.

Eg har tidlegare skrive at bloggen min skal vere fri for dagens outfit, men ingen regel utan unntak ...


torsdag 19. februar 2015

Vår ved døra

Då eg hadde selskap laurdag, kom gjestene med mykje fint!  Av systera mi fekk eg denne korga med vårblomster.  Skia står framleis utanfor døra i håp om at det skal kome meir snø.  Med pluss sju grader og regn er håpet ikkje så stort her på øya.

onsdag 18. februar 2015

Langpannebrød

Når eg har hatt selskap, går eg ganske systematisk til verks når det gjeld å ete restar.  Kaka som kunne frysast, fekk ein tur ned att i frysaren medan vi et opp kremkakene.  I går vart det slutt på kaker.  Så i dag tenkte eg at eg ville lage eit godt brød til osterestane idéen fekk eg frå eit brødhefte som kom med Allers 4/2015.  Framgangsmåten der var litt rar, og ein hadde ikkje begrunna kvifor ein først skulle lage ei sørpe med rugmjøl, sirup og væske.  Eg har derfor berre forklart vanleg framgangsmåte.  Gjæren kan halverast om ein vil bruke lenger hevetid og dermed la smakane i krydderet kome ut i brødet. Ein annan ting eg har nendra på, er måten ein har i smør på.  Eg bruker å ha mjukt smør i til slutt.  I oppskrifta skulle smøret smeltast. Kokte poteter gir eit saftig pg haldbart brød.

Elles meiner eg det er viktig å ikkje la seg stoppe om ein manglar ein av ingrediensane.  Eg trudde at eg ikkje hadde lys sirup, men så hadde eg visst kjøpt inn til jul likevel.  Her kunne eg ha brukt anna søtstoff som mørk sirup eller demerarasukker.
25-50 g gjær
4 dl mjølk
2 1/2 dl vatn
1 1/2 dl lys sirup
2 ts salt
3 kokte, mosa poteter.
1 ms Cemo brødkrydder/2 ts anis og 1 ts fennikel
6 dl sikta rugmjøl
ca 12 dl  kveitemjøl

200 g smør, mjukt (flytande margarin er eit alternativ)
  1. .Smuldr gjæren i bakebollen.
  2. Ha i lunken væske og resten av ingrediensane.
  3. Lat kjøkenmaskina gå i ca 10 minutt eller kna godt for hand.
  4. Hev til dobbel storleik.
  5. Kvelv deigen ned på ei bakepapirkledd langpanne. Trykk flatt.
  6. Hev ca 40 minutt.
  7. Steik brødet nedst i omnen ved 200 grader i ca 40 minutt. 
Mitt brød vart litt mørkt på toppen.  derfor la eg eit bakepapir over siste 15 minutta.

tirsdag 17. februar 2015

Ikkje akkurat Mammut

I dag hadde mannen og eg eit par ærend i byen.  Vi hadde og høyrt at det var 70 % avslag på alle bøker i bokhandelen som dessverre har gått konkurs.



Eg har ikkje vove sidan eg gjekk på lærarskulen. Om eg nokon gong får tid og høve til å ta opp det som hobby, vil tida vise.  Men eg kan no lese om det!
Begge bøkene inneheld historisk stoff.  Ein får eit innblikk i korleis formødrene våre levde.  Sauer skulle klippast og ulla skulle kardast og spinnast før ein kunne begynne å strikke eller veve.  Og det måtte ein gjere, elles ville ein ikkje hatt kle på kroppen.


Begge bøkene er skrivne på nynorsk.  Strikkeboka inneheld ein del sitat på bokmål, også på framsida.

Bøkene er bestilte på Mammutsal på Ark for eit par veker sidan, har ikkje kome enno.  Mannen bestilte på Haugen.  Dei kom måndag.

mandag 16. februar 2015

Bok 8: Den største forbrytelsen

Presentert av Bente Einan Eriksen
Det unge jødiske ekteparet Benzel og Sara Braude fra Litauen bosetter seg på Grünerløkka i Oslo i begynnelsen av 1900-tallet. De får fire barn og strever hardt for å få endene til å møtes. Hun syr for ulike butikker mens barna krabber på gulvet i den knøttlille leiligheten. Han er såkalt omreisende i handel, men åpner etter hvert egen kjøttbutikk. I Marte Michelets bok følger vi en helt vanlig jødisk familie i Oslo, fra de etablerer seg i Øvre gate fram til det forferdelige skjer - den største forbrytelsen i norsk historie. Vi følger også frontkjempere, statspolitiet og de nazistiske byråkratene som gjorde den norske jødeutryddelsen mulig.

Mistenksomheten øker
I 1924 kunne man lese i Aftenposten: «vi oversvømmes av alle lands jøder, særlig russiske. De kommer ind som sildestim. De sætter sig fast over hele byen. Det er snart ikke en fruktbutikk, et utsalg av brukte klær, et lager av klokker og andet kram uten at det står en plirende jøde bak disken ...» Antisemittismen hadde gode kår i Norge. På dette tidspunktet befant det seg under 1000 jøder i Norge, altså en forsvinnende liten andel av befolkningen, men de ble likevel lagt godt merke til i bybildet i Oslo og i Trondheim. Mistenksomheten mot utlendinger er eskalerende, og særlig mot dem uten norsk statsborgerskap. De var ikke bare fremmede, de kunne være spioner for fremmede makter, og ingen visste hva de egentlig hadde i sekken sin
!

Terroren starter
På Oslos beste vestkant vokser Stian Bech jr. opp. En gutt som er flink på skolen, men stadig havner i trøbbel. Etter å ha forsøkt å presse penger fra sin egen far, blir han utestengt fra familien. Dermed er de lyse framtidsutsiktene i fritt fall, og livet skifter retning. Han kommer til å omtale seg selv som «Norges verste nazist». Hans veier skal komme til å krysse familien Braudes. Hendelsene i Tyskland og Østerrike natten mellom den 9. og 10. november 1938, Krystallnatten, sendte sjokkbølger også til jødene i Norge. Terroren hadde begynt. I Norge forsøkte jødene å hjelpe dem som flyktet fra Hitlers regime, men norske myndigheter var ikke akkurat villige. Fremmedpolitiet i Oslo var redd man skulle ende opp med en jødekoloni ... I løpet av 1930-tallet tar Norge imot kun 500 jøder på flukt. Hitlers styrker på norsk jord i april 1940 er en sjokkartet opplevelse for familien Braude. Jødene i Norge hadde følt seg trygge, og de var dessuten så få i landet at tyskerne umulig kunne se på dem som et problem, trodde man. Tilværelsen blir forferdelig, ja, verre enn familien noen gang hadde forestilt seg. Norsk holocaust-historie er sparsomt framstilt. Det finnes for eksempel ikke ett foto fra da norsk politi arresterer norske jøder og frakter dem bort. Vi må aldri glemme, men svært lite har blitt gjort for å huske. Med denne boka vil Marte Michelet endre på dette.


Kjelde: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=10479288&rom=MP

Eg har lese romanar og sett filmar som frå ulike vinklar har teke føre seg jødeutryddingane under 2. verdskrig. Tala har eg sett før.  Eg har og hatt førestillingar om korleis nordmenn såg på jødane.  I litteraturhistoria les vi om Wergeland.  Kva Svarstad, mannen til Sigrid Undset meinte og skreiv, var nytt for meg. Eg har visst mindre om jødeutryddingane før 2. verdskrig.

Romanen til Marte Michelet har eg lese med stor interesse.  Ved å ta utgangspunkt i einskildlagnader samtidig som ho dreg dei store linjene, fengjer ho lesaren.

Det vert ikkje lett å kåre årets beste roman i 2015! Denne har fått Brageprisen for beste sakprosaroman og terningkast 6 i VG.  Det forstår eg godt!

Alle bør lese denne romanen.  Etter siste dagars hendingar er den dessverre vorte endå meir aktuell.

søndag 15. februar 2015

15. februar

Viss borna ikkje les bloggen min i dag, kan eg ha klart å halde fastelavn skjult for dei.  Til no har det ikkje kome noko krav om krembollar.  
Vi har sjølvsagt hatt restefest i heile dag.  Berre sjokoladekaka vart oppeten i går.  Blandabaljlaginga vart utsett til i morgon. 

Eg tok ikkje bilde på gåturen min i dag. Mannnen og yngstemann tok skia på nakken og gjekk til fjells.  Der er snø att i høgda. Temperaturen i låglandet var 12 grader.  Sola har klivra Melshornet, så no har vi sol store delar av dagen. Det går absolutt mot lysare tider.

Storfamiliesamling

Sidan både studenten og juristen er heime i helga, inviterte vi slektene på middag og kaffi.  Juristen som er fødd på bestefaren sin 75-årsdag, fyller 25 år om ei veke. No når det er slutt på barnedåpar og konfirmasjonar her, var det ekstra kjekt å samle alle som kunne kome.  Vi var 14 til bords.

Opplegget er ganske fast for familietreff.  Eg lagar middag og dessert.  I dag vart det kjøtsuppe med nybaka eltefritt brød. Til dessert var det karamellpudding og pavlovakake.  Seinare serverer eg kaker og eit ostefat til dei som ikkje skal ha så mykje søtt.  Det er enkelt når gjestene har med seg kaker.  Det vanka også fine blomster til vertinna.

lørdag 14. februar 2015

Apropos Valentine...

Av Aasmund O. Vinje (1866)

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for om eg søver, eg om deg drøymer.
Om natt og dag er du like nær,
:/: og best eg ser deg når mørkt det er. :/:

Du leikar kringom meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du støtt meg fylgjer på ferdi mi,
:/: som skuggen gjeng etter soli si.:/:


Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d’er du som kjem inn til meg, eg tykkjer.
Eg sprett frå stolen og vil meg te,
:/: men snart eg sig atter ende ned.:/:

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d’er du som gjeng der og tuslar,
når somt der borte eg ser seg snu,
:/: eg kvekk og trur det må vera du. :/:

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d’er deg eg ser, deg i alt eg høyrer,
i song og fløyte- og felelåt,
:/: men endå best i min eigen gråt:/:

onsdag 11. februar 2015

Molly-jakka


No kan eg endeleg vise fram den siste jakka eg har strikka.  Dottera stiller som modell.

Mønsteret og garnet, som heiter Sterk, er frå du store alpakka. Det som glitrar er ein tråd som heiter Bling. Eg fall pladask for mønsteret i jula.  Då tenkte eg det skulle bli godt å strikke einsfarga.  Det var berre det at eg måtte strikke mønsterstrikk til brot.  Etter å ha rekt opp att eit par gonger, forstod eg prinsippet og kunne sjå kvar eg var i mønsteret.
Eg hadde meg ein dag eg var i tre butikkar for å finne knappar.  Tilbake på TrådKråa fekk eg vite at der var det bestilt inn "originalknappane".
Apropos lærarliv.  Måndag vart det spørsmål om nokon kan hekle.  Det var behov for ein vikar i 6. time. I min generasjon kan vel dei fleste å hekle fastmasker og stavar?  Eg tok timen og dei fekk sjå heklekanten på jakka.  Elevane hadde ikkje forstått at jakka var heimelaga.

mandag 9. februar 2015

Bok 7: Slåttekar i himmelen

No har Edvard Hoem gått tilbake til oldefaren sin i Slåttekar i himmelen. Hoem skriv høgstemt og vakkert om enkle liv. Arbeidet skildrar han så du kjenner det, og kjærleiken så du blir rørt.
Edvard Hoems oldefar heitte Knut Hansen Nesje, men alle kalla han berre Nesje. Forteljinga i denne romanen begynner utanfor Molde i 1874, der Nesje er slåttekar, og enkemann på andre året, med ein son å ta seg av. Plutseleg dukkar Serianna opp. Ho røyker pipe og får Nesje med på seifiske, og saman finn dei kjærleiken. Snart er dei gift og får barn.
Menneska ved Frænfjorden lever eit liv i hardt arbeid, tett på jorden og fjorden. Men ein ny veg er i ferd med å opne seg i desse åra - stadig fleire sel det lille dei eig, og legg ut på den strie og eventyrlege reisa til Amerika. Seriannas søster Gjertine drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å koma brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.
"Slåttekar i himmelen" er ei forteljing om det nye og det gamle landet, om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vera villig til å satse og gjere store offer.

No har Hoem dikta livet til oldeforeldra sine og deira slektningar.  Nesje arbeider for andre og drøymer om eit fritt liv på eigen gard.  Livet er hardt, og han kan ikkje unne seg mykje kvile.  Vi kjem inn i historia då han er enkemann og møter den framtidige kona si.

Roamnen har gjort eit sterkt inntrykk på meg.  Ikkje minst kor tøft det må ha vore å sjå borna flytte heimanfrå.  Nesje ser ikkje mykje til sonen frå første ekteskap.  Ein son vert sett bort til morbroren og kona som sjølve ikkje fekk barn.  Det var ikkje uvanleg.  Sjølv om guten ikkje hadde lyst og bad pent om å sleppe, er foreldra redde for at dei ville teke frå han framtida som eigar av garden til onkelen. Ein annan son reiser til Amerika.  Dei som reiste dit fekk det og tøft.

Laurdag las eg om uveret på prærien i Amerika medan stormen Ole herja her.  Når ein les bøker frå andre tider og/eller andre stader, så ser ein kor heldig ein er.  Det er nok folk rundt om i verda som i dag stevar på same viset som desse menneska gjorde.

Eg trur dette er ein roman for historieinteresserte i alle aldrar.  I tillegg er det ein roman for alle som har levd ei stund. Terningkast 6 frå meg.

søndag 8. februar 2015

Morsdag

 Då eg stod opp i dag, hadde eg heilt gløymt det var morsdag!  Derfor vart eg verkeleg overraska over gåver og blomster som stod på bordet!
Noko feiring har eg ikkje lagt opp til, men eg laga to eplekaker, slik at eg har ei att til laurdag då alle borna er samla her.  I tillegg ventar vi besøk frå begge slekter.  Det gler vi oss til!

I veka som kjem vert det både foreldremøte, kursdag, musikal på Sjøborg og tiandeklassefest. Kor travel ei lærarveke verkeleg vert, veit ein aldri på førehand.  Det som ligg an til å bli ein roleg dag med fleire gode arbeidstimar der ein kan planlegge og førebu, kan like godt bli ein dag fylt med noko heilt anna.  Det er det som gjer det både interessant og travelt å vere lærar. No ser eg fram mot ei annleis og kjekk veke - så får tida vise ...

lørdag 7. februar 2015

Bok 6: Bursdagsgaven

En uforglemmelig roman om vennskapet mellom en rikmannsdatter og en slavejente - og dere langvarige kamp for et verdig liv. Charleston 1803: I den rike, hvite Grimké-familien er alle samlet for å feire datteren Sarahs elleveårsdag. Men da foreldrene presenterer den jevnaldrende slavejenta Hetty Handful som Sarahs bursdagsgave, sier hun bestemt nei. Som straff for upassende oppførsel må Sarah skrive til alle gjestene og be pent om unnskyldning. For jenter i South Carolina skal ikke drømme om å avskaffe slaveriet, eller studere jus - de må konsentrere seg om broderi, håndskrift og bibel. Hetty Handful prøver på sin side å finne seg til rette i Grimké-huset, mens hun fabulerer om verden utenfor murene som omslutter slavegården 

«En glødende, mer og mer intens historie om to kvinner bundet sammen som husfrue og slave ... En tankevekkende påminnelse om hvorfor landet ennå har arr etter slaveriet» USA Today «Sue Monk Kidd har skrevet en bok som vil endre måten vi snakker på. Det er ikke mulig å lese denne boken uten å tenke nytt om kvinners status og alle de glemte heltinnene som spilte en rolle for å ta oss dit vi er i dag.» Oprah Winfrey  (Eg meiner Oprah winfried har sin eigen bokklubb?)

I etterordet får vi vite at historia byggjer på historiske personar.  Noko er sant og anna oppdikta. Eg skulle ha lese det først, tenkte eg etterpå.

Eg trur denne romanen vil vere sterk for ungdomar som ikkje har lese å sett så mykje om slaveriet i Amerika.  Dei utspekulerte straffemetodane er ikkje lett lesnad.  Og det er utruleg at dette skjer på 1800-talet. Camilla Collett skriv om kvinnesak i Noreg medan det er slaveri i Amerika, for å knyte det til vår historie.  Først i 1865 vart det forbode å ha slavar i alle statar.

Det er to stemmer i romanen, Sarah og slavejenta Hetty, kalla Handful.  Lydboka vert lesen av to stemmer.  Det er sjølvsagt eit stort plus. Eg synest forfattaren skriv godt om problemstillingane til dei ulike kvinnene.  Ho har fanga tankegangen i tida, føler eg.  Og ho har lagt inn hendingar som er realistiske.  I etterordet kjem det fram at det som kanskje er mest urealistisk, er det som er historiske fakta.  Verkelegheita overgår fantassien, for å bruke eit forslite uttrykk.

Romanen er lettlesen og interessant.  For meg vart den litt langdryg, må eg innrømme.

fredag 6. februar 2015

Tupperwareting

I går fekk eg tinga eg bestilte på Tupperwarepartyet førre veke.  Flaska var ei gåve.

For ei stund sidan såg eg på ein annan blogg, fru Tunheim, trur eg, at ho hadde kjøpt seg Tupperwareslikkepottar.  Då tenkte eg at eg skulle ta meg råd til det neste gong eg vart invitert på party.  Til jul ønska eg meg slikkepottar, for dei eg har, held på å takke for seg.  Eg fekk ein stor, flott som høver til store bollar.  Men  eg saknar av og til slike små.  Vispen var på tilbod og skal vere fantastisk.  Tida vil vise om han vert skuffefyll ...

Eit par gåver har eg og kjøpt, så eg kan ikkje vise fram alt her.

torsdag 5. februar 2015

Hue

 I dag har eg vore på strikkekafé på Josefine.  Det var kjekt og inspirerande.  Prosjektet eg held på å fullføre, er førebels hemmeleg. Hua eg strikka ferdig i går, kan de få sjå!  Oppskrifta var i Lone Soleng si bok som eg hadde lånt på biblioteket.  Mannen likte ikkje fargane i boka, så eg fann fram fargar som passar til kleda hans. 
Sjølve mønsteret likte eg ikkje.  Og i går hadde eg lyst til å sende ein klage til trykkeriet!
Eg er ikkje fargeblind sjølv om eg ber genet.  Men å sjå skilnaden på dei to fargane mot slutten hadde eg problem med!  Eg forstår heller ikkje kvifor ein viser litt meir enn ein mønsterapport.  Begge delar fann eg ut av etter kvart.  Det må og seiast at de andre mønstera var mykje lettare å lese og forstå.

Hua vart passeleg, og mottakaren vart fornøgd. 

onsdag 4. februar 2015

Kupp og kupongar i februar

 Eg har gjort det til ein vane å legge ut coop-kupongane eg får ein gong i månaden.  Snart kan eg vel analysere tankegangen bak, sikkert gjort av ei datamaskin.  Sjølv om eg kjøpte ein pakke potetmjøl til jul, er det ikkje sikkert eg allereie treng ein til!  Elles er det mykje det same som går att, ser eg.  Halvparten av kupongane frå førre månad låg att ubrukte i lommeboka.
Elles raska eg med meg ei morsdagsstang fordi eg venta kaffibesøk i dag.  Det er svært sjeldan eg kjøper kaker.  Denne fann eg i frysedisken.  Konklusjonen var at den ikkje var så verst til å koste 40 kroner.

mandag 2. februar 2015

Bok 5: Avsporet

«Avsporet» er første bok i RAVN-serien . den kritikerroste suksessen fra en av Danmarks bestselgende krimforfattere. Kriminalbetjent Thomas Ravnsholdt, populært kalt Ravn, er sykemeldt fra jobben i Station Citys spesialenhet etter at kjæresten ble drept under et innbrudd. Ravn blir imidlertid brått revet ut av sorgen da en nær venn ber ham om hjelp til å finne en ung kvinne som har vært sporløst forsvunnet i to år. Etterforskningen tvinger Ravn tilbake på jobb og ned i Københavns underverden. Alt tyder på at kvinnen er solgt til den storkriminelle halliken Slavros, og sporene leder etter hvert til Stockholm . til et sted mørkere enn helvete... Etterforskningen kompliseres ytterligere av en ukjent drapsmann som har herjet Stockholm i årevis: en sadist som stiller ut ofrene på byens søppelfyllinger, og som nå har blinket ut sitt neste offer.

Eg begynte å lytte til denne boka på ein biltur.  Boka eg heldt på åå lese vart lagt til side.  For dette er ei slukebok.  Vi har med hardbarka kriminelle å gjere.  Kriminalbetjenten har eigne problem.  Forfattaren skaper eit interessant miljø, ikkje ukjent frå anna litteratur.  Unge jenter vert bortførte og utnytta på det grovaste.  Seriemordaren er av verste sort.  Han piner offera sine.  Greier Ravn å finne Marsja i live?

Eg storkosar meg!  At dette er stor litteratur, skal ikkje eg ha sagt.  Men det er ein roman det er svært vanskeleg å legge frå seg for å gjere noko anna!  Eg gler meg til oppfølgjarane!

søndag 1. februar 2015

1. februar

I går var ein aktiv og sosial dag.  Etter å ha handla og vaska, gjekk eg på kafé saman med ei venninne.  Mot kvelden for vi over fjorden og besøkte eit vennepar.  Det vart ein triveleg kveld med mykje god mat og prat.  Det å fare over fjorden er ei utfordring i seg sjølv for tida.  Det braut ut brann i motoren på reserveferja her om dagen, så no har der kome ei "ny" B-ferje.  Vi sikta oss inn på A-ferja. Ho heldt ruta.  Eg har ikkje meldt meg inn i Facebook-gruppa "Kva var det vi sa?", for eg har ikkje sagt noko.  Det er lagt mellom kvar gong eg reiser den strekninga no når vi er landfaste sørover.

Denne veka har eg servert både to og tre ulike rettar til middag.  Så har eg fått brukt opp små eller halve middagsporsjonar.  No har eg kome så langt i lagertøminga at eg har frose ned seks brød!  Det har tatt si tid etter omlegginga til fryseskåp.  I dag serverte eg kalkunfilet med omnsteikte grønsaker og pesto  etter oppskrift i den gule kokeboka som niandeklassingane har fått.

Legg merke til orkideen!  Snart kjem det blomster på greinene i midten også.  Planten fekk mannen av nokre kollegavenninner til femtiårsdagen sin i 2012.  Orkidén var spesielt flott med fem greiner.

Elles kan vi gle oss til Mammutkatalogen som skal leggast ut i morgon, ser eg på nettet.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...