onsdag 20. juli 2016

Hekling

Eitt av måla mine for sommaren er å lære meg å hekle.  Inspirasjonen kjem frå to kantar. Ein ung kollega av meg hadde hekla ei nydeleg babyjakke til dottera si.  Ho hadde lært seg mykje på Youtube.  Så er det kusina mi.  Ho tryllar fram dei nydelegaste fargesamansetjingar i teppa ho heklar.

Det eg kan frå før, er dei ulike maskene.  Eg har stort sett hekla oldemorruter og elles litt etter fri fantasi.  Til dette mønsteret treng ein kunne luftmasker, fastmasker og doble stavar.

No har eg tatt fram "Håndarbeid fra hagen" av Arne og Carlos.  Eg har og vore på Youtube der dei viser framgangsmåten. Ein kan bruke alle slag restar, seier dei, men eg held meg til Finull.  Så får vi sjå kor stort teppet vert.  Dei store teppa deira er utruleg flotte. Om tolmodet ikkje strekk til eller skuldra mi streikar, så har eg som kjent ei dukkeseng ...



2 kommentarer:

  1. Viss du skulle kome i beit for restar......men eg har ikkje finull.

    SvarSlett
  2. Ingen fare med det første!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...