tirsdag 11. oktober 2016

Vel heime!

Eg har ikkje vore i Tyskland sidan midt på 80-talet. Då hugsar eg gamle, flotte bygningar og koselege småbyar.  Berlin er noko heilt anna!Det er ein stor og moderne by med 3 1/2 millionar innbyggjarar.  Avstandane er store.  Vi satsa på sightseeing-bussturar og vanleg buss siste dagen.  I Berlin spør ein ikkje kva gate ein bur i, men ved kva for T-banestasjon, fekk vi oss fortalt.

Eit anna særpreg i byen er heisekranene.  Dei ser ein overalt!  Det vert bygd nytt og utbetra både i aust og vest.

På åttitalet forstod ikkje tyskarane så godt engelsk.  Det har endra seg.  Ein ser nokre dubba program på TV, men også teksta.  Turistguidane snakka begge språka om eit anna, så vi fekk dobbel dose informasjon.  Eg merka at eg måtte leite fram tysken, for han er der.  Eg trur alltid "innfødde" liker at ein prøver å snakke språket deira.  Sjølv satsar eg på at dei høyrer eg er utlending.  Eg treng at dei snakkar tydeleg til meg... 

Apropos språk, så er det greitt å forstå kva som skjer rundt ein.  På turistbussen klappa ei omtrent fem år gammal jente meg på hestehalen og slo fast "nicht echt"!

1 kommentar:

  1. Eg har vore i Berlin i høve Aktiv Fredsreise, og då har vi hatt mest fokus på krigsminne, fredsmonument og liknande. Der er mykje å sjå av denslags.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...