søndag 27. november 2016

1. søndag i advent

Dei siste to vekene, og vel så det, har det vore unntakstilstand i familien. Kort fortalt var far min til kreftlegen tidleg i november og fekk ein relativt positiv beskjed.  Det vart planlagt åttiårsfeiring to dagar før sjølve dagen.  Kreftlegen gav han og streng beskjed om å ta influensavaksine.  Det gjorde han tysdagen før.  Han vart svært sjuk av vaksinen og måtte innleggast på Volda sjukehus på sjølvaste åttiårsdagen.  Der vart han verande over ei veke.  No er han heime og kviknar sakte, men sikkert til.  Dei som kjenner oss, følgjer nok med på mor mi sin blogg.  Ho held slekt og vener oppdatert der. Eg har halde ein lav profil.  Det er greitt at kollegaer og vener veit, men eg vil kople frå privatliv og kople på jobben når eg er saman med elevane. 

I dag har vi hatt middagsbesøk. Eg hadde tatt ei svineribbe opp av frysaren.  Det var dårleg med lilla lys og serviettar.  Vanlegvis kjøper eg på Nille, men der var det ikkje verande på Black Friday i Ørsta og det dei kalla blakk laurdag i Ulsteinvik.  Så eg har gjort som mange andre; funne fram kvitt.

Eg vil ønskje alle bloggvener ei god adventstid!  Eg skal prøve å smette innom bloggen litt oftare i tida fram mot jul...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...