mandag 7. november 2016

Jente- og gutemat?

Eg reagerer på slike pakningar side om side i butikken.  Ein rask kik på innhaldet viser at skilnaden er at der er kakao i stjernene på Star Wars pakken. Dei som skal selje, veit kva dei gjer.  Frøkna her gjekk rett bort til rosa sjampoar og andre prinsesseprodukt.

Det er vel feil å tenke så stereotypisk. Eg kjenner ei som hadde valt pakken til venstre.  Og kanskje ein av gutane, han som leika med jentene, kunne ha funne på å plukke med seg den til høgre.  Eg håper det er slik, for i utgangspunktet tenker eg at vi ikkje må dele meir opp i kjønn enn vi gjer! 

Elles håper eg at alle foreldre som let ungane plukke med seg eit av desse produkte, stiller dei nokre spørsmål til refleksjon!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...