søndag 4. desember 2016

2. søndag i advent

Denne helga har yngstemann og kjærasten vore på besøk. Tida har gått veldig fort! 

Laurdag heldt vi fram med julehandelen.  Til halve slekta må den vere i boks til komande helg.  "Gutane" sprang rundt vatnet her i bygda. 

I dag har det regna noko enormt her.  Dagen vart aldri heilt lys. Eg har lova elevane mine å kome å sjå på dei i ulike samanhengar.  I dag var yngstemann i praksis på Sporty medam vi andre for på lysmesse.  Eg synest konfirmantane var svært flinke både med prosesjonar og ulike tekstlesingar.  Det står sjølvsagt flinke folk bak slike arrangement også.
No er det berre å brette opp ermane å førebu seg på to og ei halv intense veker på jobb før jul!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...