søndag 22. januar 2017

Nye aksessoarar

Før jul kjøpte eg meg ei ny jakke.  Det er ei grå Kari Traa-jakke med ei turkis jakke som kan takast ut til for.  Eg fann ut at eg ville strikke meg vottar og hals i fargar som passar til. Så eg strikka meg eit par hjartevottar og tova.  Dei er utruleg varme og gode.  Halsen er strikka av tre hesper akrylgarn med refleks, eit garnkupp eg kom over på Nille.

Det som slo meg då ungane var små, var at så lenge sei gjekk i barnehagen og vart køyrde til porten, og då ein passa på dei når dei leika seg ute, ja, da var kleda fulle av refleks.  Men så snart dei nærma seg skulealder, så var utanpåkleda reflekslause. No lurer eg på om halsen har noko effekt!?

Vanlegvis har eg på meg eit refleksbandolær når eg går på jobb.  Men eg skal ikkje gjere meg betre enn eg er. Når eg køyrer bil, skjenner eg over mørkkledde folk som eg ikkje ser.  Når eg går sjølv, ser eg godt bilane ...


4 kommentarer:

  1. Så fine votter! Og hals med refleks er ikkje dumt. Refleks må ein ha, men lettere klage på andre.
    Det var det med flisa og bjelken då 😉 Fin ny arbeidsveke!

    SvarSlett
  2. Eg håper eg får respons frå dei som ser meg - at dei ser meg!

    SvarSlett
  3. Eg må få vite om det refleksgarnet funkar, for det kunne eg tenkt meg til hue, hals eller vottar. Det er så lett å gløyme refleks, og så lett å miste.

    SvarSlett
  4. Hei Solveig. Nå er oppskriften på scones publisert på bloggen min. God helg til deg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...