søndag 5. mars 2017

Testing av komfyr: Varmluft

 I dag har her vore nydeleg ver.  Eg bestemte meg for å sette ein gjærdeig før eg gjekk rundt vatnet.  Eg hadde bestemt meg for å prøve varmluftfunksjonen på den nye steikeomnen.  Allereie i 1987 fekk eg meg varmluftomn.  Eg hugsar han kosta 4400 kr.  Omnen virka i over 20 år.  Men han vart lite brukt på varmluft.  Til det steikte han for ujamnt.
 I dag trilla eg ut 32 rundstykke.  neste gong skal eg lage større deig.  Så var det fram med bruksanvisninga.

På turen møtte eg ei god venninne.  Ho fortalde at ho alltid les bruksanvisninga nøye når ho har fått seg noko nytt. det er mykje av gleda ved nye ting!  Sjølv les eg berre nok til å få tingen til å virke.  Så får ein ta det litt etter kvart, er min filosofi...
 Eg heva rundstykka nokre minutt ekstra. Eg sette omnen på 160 grader. Det viste seg å vere noko lågt.
 Dei vart noko lyse, men svært jamnt steikte.  Ein kan ikkje sjå skilnad på kva plate - eller kvar på plata - dei har stått.  desse vert fine å ta opp frå frysaren og steike ein gong vi har besøk.
Etter tips frå venninna mi sette eg og middagen i omnen. Også her steikte eg i to høgder på varmluft, berre for å prøve. Ein annan gong kan eg bruke dei store platene til fleire enn to.

No har eg vore eit par timar på jobb for å lage arbeidsplan.  Tidlegare på dagen har eg retta ei engelskprøve, så no skal eg kose meg med godt samvit!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...