mandag 3. april 2017

Bok 15: Livet, til det betre



Sjarmerande om livet, kjærleiken og tapre unge menneske frå lesarfavoritt Anna Gavalda. 

Få forfattarar skildrar sårbare menneske med større hjartevarme og humor enn franske Anna Gavalda. I ein leiken og lun tone fortel ho om menneske som jaktar på kjærleiken, så skjør og lett å øydelegge. 

Mathilde. Yann. Bille. Tre historier. Tre unge menneske som leiter etter noko meir. Mathilde har kutta ut studia for ein jobb ho ikkje liker, Yann lever i eit ulykkeleg samliv og Billie, som ikkje kjenner anna enn fattigdom og juling, oppdager ein dag at vennskap finst. Alle er dei bestemte og tapre og vil heller satse og risikere å feile enn å leve middelmådige liv.


Eg bestemte meg for å gi den franske forfattaren ein ny sjanse. Eg har tidlegare ikkje late meg begeistre av denne populære forfattaren.  Heller ikkje denne fengar meg, utan at eg heilt forstår kvifor.  Kanskje vert det for fragmentert, eller så forstår eg ikkje sjangeren.

Det er tre forteljarstemmer.  Dei to første irriterer meg.  Bokmålsdialektane deira skin gjennom.  Kven seier sveite?  Det vert befriande å lytte til den siste delen der det vert lese på skikkeleg nynorsk.Ja, om berre omsetjinga hadde vore betre.  Berre det å bruke objektsforma henne hadde hjelpt ...

1 kommentar:

  1. Siste delen av boka hadde eg lese før, for den er også å finne som eiga bok. DEN delen var god-eg likte heller ikkje dei første historiene.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...