lørdag 26. august 2017

Kefirkake med sjokolade- og ostekrem

Eg har lova blogglesarane å kome sterkare attende med matoppskrifter når eg får ny kokebok til skulekjøkenet.  Torsdag låg dei i gangen på skulen, så måndag får eg begynne å gi dei vekk til niandeklassingane.  Det er ei glede. 
 
Det som også er nytt, er at ho ligg på nett.  Dermed kan alle finne og bruke henne.
 
Eg laga ei skuffekake i går som eg hadde krem på i dag.  Slike kefirkaker er raske å lage.  Ein fordel med denne er at botnen er laga på vekt.
 
I dag fekk først nokre damer smake kaker.  Dei likte kaka godt, eller så var der berre høflege.  I Ørsta fekk eg mellom anna testa den på ein i målgruppa, ein niandeklassegut, og han tok fleire smaksstykke.  Eg er ikkje heilt samd med meg sjølv om kva eg synest om kremen.  Åleine smakte han noko salt, men han var betre på kaka.
200 g margarin eller smør
1 l kefir
500 g sukker
500 g  kveitemjøl
4 ts natron
4 ts malt kanel
3 ts malen kardemomme
1 ts vaniljesukker

Sjokolade og -ostekrem:

200 g kremost naturell
150 g smør
5 dl melis
2 ss vaniljesukker
ca 2 ms kakaopulver (Eg brukte 4)

Slik gjer du:

  • Sett steikeomnen til 180 °C og legg bakepapir i langpanna.
  • Smelt smøret og avkjøl til det er omtrent fingervarmt.
  • Ha kefir, sukker, kveitemjøl, natron, kanel, kardemomme og vaniljesukker i ein bakebolle. Hell over avkjølt smør og rør alt sammen til ei jamn og klumpfri røre.
  • Fordel røra i langpanna og steik kaka på nedste rille i steikeomnen i ca. 35 minutttil ho er gjennomsteikt.
  • Legg ei rist over langpanna. Bruk gryteklutar og snu alt opp-ned, slik at kaken ligger på rista. Fjern bakepapiret på kefirkaka og la den avkjøle.
    (Dette punktet hoppa eg visst over...  Eg let ho ligge i forma over natta.) 
  • Pisk kremost, smør, melis og vaniljesukker med en handmiksar til du får ein glatt krem med     smørbar konsistens. Rør inn kakaopulver til ønskt farge og smak.

Kokeboka finn de digitalt her.  De kan søke etter oppskrifter.

2 kommentarer:

  1. Virka som ei god kake,
    eg kan teste den på barneborn :)
    Eg lika best å bruke vekt og har ei liste over mål og vekt som eg kan gjere om til gram.

    SvarSlett
  2. Kaka er nydelig skal lage den til helga 👏😀😀

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...